I dag vakna florøværingane opp til eit nydeleg vinterlandskap. Herleg, kvit snø segla ned frå himmelen. Kl 08:00 var eg ute og tok nokre bilete i hagen vår, berre for å dokumentere kor fint det er i Florø når vi har skikkeleg vinter.
Snøen låg tungt på greiner, både i buskar og tre.
Svarttrasten var på besøk og åt frokost. Ikkje så enkelt når vi har klippt plommetreet og dei nye greinene er så tynne at dei nesten ikkje er sterke nok til fuglen. Viktig å mate fuglane når det er så mykje snø som det er no.
Såg ein trast som sikkert blei veldig overrasket av å få "snøbade" når den skulle lande på snøen. Det blei litt kule avtrykk etter den i snøen.
Ha ein nydeleg vinterdag!
Cecilia M